Historien om fisket på Austevoll

Til havs med robåt og snøre

Å ro og segla til havs for å fiska med snøre har vore vanleg i Austevoll sidan mellomalderen (500-1500) og truleg endå lenger tilbake. Ei kjelde som viser snørefiske langs kysten så tidleg som i steinalderen, er helleristningane. Frå den same perioden er det funne bein av djupvassfiskar som lange og brosme langs heile vestlandskysten. Dessutan er det i Austevoll funne eit gammalt fiskesøkke av kleberstein på nesten to kilo som óg fortel om fiske på djupt vatn. I tillegg er fiske med snøre til havs rikt skildra i mellomalderdokument, og fram til vår tid er det flust med kjelder om dette fisket. Men det viktigaste er at fiskarane hadde god båt, og det hadde dei allereie for omkring 1500 år sidan med oselvaren som var førsteklasses til fiske utaskjers. Til motorsjektene kom fram mot midten av 1900-talet, brukte fiskaren vanlegvis færingar, seksæringar og åttringar av oselvartypen. Den minste av desse finn vi svært mange av i dag som konkurranseseglbåtar i kommunen.

Kjelder og litteratur:

Avskrifter av medbøker. Eigne notatar frå samtaler med eldre fiskarar.

Hovda, Per: Norske fiskeméd. Oslo 1961.

Johan Tufteland, Salamon Fagerbakke og Jørgen Solbakken: Austevollsoga. Kultursoge I. Bergen 1986.