2026-kalenderen inneheld mellom anna forteljinga om Kåre Sandtorv, som gjekk frå fiskarliv til oppdrettsnæringa i Austevoll. Du får òg lesa om strandsitjaren Anders Simonsen Nedre Vaage og livet hans på Stolmen på midten av 1800-talet, om Kristina og Knut Økland i Dalen, og om brørne Harald og Reidar Hevrøy, to av mange dyktige sjøfolk frå Hevrøy.

I årets kalender finn du dessutan ei varm og levande skildring av Marta Aud Troland og familien hennar – og eit rikt utval av bilete frå kolmulesesongen 2025, teke med drone av Sondre Sandvåg og med tekst av Terje Nesse.

Dette er 32. utgåva av Fiskerisogekalenderen for Austevoll, utgjeven av Austevoll Fiskerisogelag, med nye historier og over 100 foto frå kystsamfunn i og kring Austevoll.